Kategori:
– Ekstremsport, kultur og ski – året rundt
Velkommen til Voss – ein heilårsdestinasjon der natur, kultur og adrenalinfylte opplevingar går hand i hand. Midt i hjartet av Fjord-Noreg, mellom fjordar og fjell, finn du ei bygd som lever og pustar for aktivitet – uansett årstid.
Voss er kjend som verdas ekstremsporthovudstad, og kvar sommar samlast tusenvis av utøvarar frå heile verda til Ekstremsportveko – verdas største festival for ekstremsport og musikk . Festivalen har ført til at aktivitetar som fallskjermhopping, paragliding, rafting, klatring og terrengsykling er tilgjengeleg både vår, sommar og haust. For dei som ønskjer å kjenne på adrenalinet året rundt, tilbyr Voss også vindtunnel.
Voss er meir enn berre ekstremsport. Kulturlivet blomstrar med festivalar som Vossa Jazz og Osafestivalen, og du kan oppleve lokal mat og drikke hos Voss Fellesbryggeri eller i den imponerande vinkjellaren på Park Hotel Vossevangen. På Voss finn du også mange historiske attraksjonar og naturattraksjonar som Mølstertunet og Bordalsgjelet.
Om vinteren forvandlast Voss til eit kvitt paradis for ski- og snøentusiastar, med heile tre skianlegg – Voss Resort, Myrkdalen Fjellandsby og Voss Ski- og Tursenter. Voss Resort tilbyr 24 nedfartar og ein av Europas beste kveldskianlegg. Med Voss Gondol kan du enkelt ta deg frå sentrum til fjellet på under ni minutt. For langrennsløparar og toppturentusiastar finst det milevis med løyper og urørt terreng å utforske. Myrkdalen er kjent for å vera ein av dei mest snøsikre anlegga i Noreg.
Voss er ein destinasjon for alle årstider. Frå vårens fotturar og sommarens festivalar til haustens fargerike landskap og vinterens snøeventyr – her finn du alltid noko å gjere. Med si sentrale plassering mellom Bergen, Hardanger og Sognefjorden, og enkel tilgang via tog, bil eller buss, er Voss eit naturleg utgangspunkt for å utforske Fjord-Noreg.
Planlegg ditt opphald på visitvoss.no
Opplev kontrastane, kjenn pulsen og bli ein del av Voss
– der ekstremsport, kultur og ski møtest.
Ta også en titt på disse sakene
Denne siden driftes av Infonor og bruker informasjonskapsler og andre lignende teknologier for å kunne skreddersy din brukeropplevelse og samle data for reklame og annen analyse.
Ved å trykke "Aksepter alle" samtykker du til bruk av dine informasjonskapsler og prosessering av din data. Du kan endre dine preferanser når som helst i våre innstillinger. Du kan lære mer om dette i vår personvernerklæring.